Kalender

mandag, juni 08, 2009

Skytingens dag på Løkemyra Skytebane

Søndag den 07.06.09 var det skytingens dag på Løkemyra Skytebane. I år er det andre året vi har eit arrangement av denne typen og vi ville gjenta sukkssen frå i fjord. Også i år kom det mange unge i lag med foreldre som hadde lyst til å prøve seg som skyttar og for å sjå korleis vi har det på skytebanen.
Skyttarlaga har kjøpt inn 4 ekstra små miniatyrbørser som er godt tilpassa dei yngste.
Den som ville kunne få prøve å skyte med kaliber 22 gratis, det vart utdelt 30 skudd pr person. Etterpå fekk kvar deltakar premie og deltakardiplom. Elles hadde vi åpen kiosk, der vi selde pølser, brus og liknande.