Kalender

søndag, juni 21, 2009

Dugnad Laurdag den 20.06.09

Laurdag den 20.06.09 ville vi arrangere dugnad for å få skytebanen endå meir komplett enn den er. Det som skulle utførast var flytting av kontainer, oppsetting av veibom, flytting av skilt, legge not på kulefang, slåing av gras og oppsetting av støttemur bak skivene på 200 meter.
Oppmøte var skrøpelig, men vi fekk utført ein del av det planlagde sjølv om det var mange hissige regnbyer heile dagen.
Vi fekk flytta kontaineren, sette opp veibommen, flytta skiltet og trekt litt not over kulefanget på 100 meter, pluss at Alf-Rune slo gras fram for skivene på 200 meter. Men då hadde vi brukt heile dagen.



Skytebanen har fått en ansiktsløfting

Denne veka før jonsok 2009 har skytebanen gjenomgått ei ansiktsløfting med god hjelp av dyktige maskinkjøyrarar frå Ulstein Betong. Det første som skjedde var feridigstillelse bak skivene på 200 meter. Etter det planerte dei området mellom bakre og fremre kulefang til 100 meter pluss oppbygging og sikring av framre kulefang. Det vart litt planering og tilstelling av diverse haugar og kantar. Bakre fylling av 100 meter der skivene står vart også planert. skråningane rundt skytebanehuset vart også planert og tilstelt.

mandag, juni 08, 2009

Skytingens dag på Løkemyra Skytebane

Søndag den 07.06.09 var det skytingens dag på Løkemyra Skytebane. I år er det andre året vi har eit arrangement av denne typen og vi ville gjenta sukkssen frå i fjord. Også i år kom det mange unge i lag med foreldre som hadde lyst til å prøve seg som skyttar og for å sjå korleis vi har det på skytebanen.
Skyttarlaga har kjøpt inn 4 ekstra små miniatyrbørser som er godt tilpassa dei yngste.
Den som ville kunne få prøve å skyte med kaliber 22 gratis, det vart utdelt 30 skudd pr person. Etterpå fekk kvar deltakar premie og deltakardiplom. Elles hadde vi åpen kiosk, der vi selde pølser, brus og liknande.