Kalender

tirsdag, desember 15, 2009

Romjulsskyting

Ja no nærmar jula seg med stormskritt, og det gjer også den årvisse romjulsskytinga som vi har på Løkemyra Skytebane. I år vert den avvikla 4. dags-jul (altså den 28.) dette på grunn av at 3. dag er på ein søndag.
I år startar vi opp kl 10,30 pga. det vert så fort mørkt. (ikkje som det står på kalendaren)
Det vert i år som tidligare servert julegløgg, den som vil kan ta med julekaker for å spandere saman med kaffien.
Det viktigaste er dei gode sosiale samtalane som vi har innimellom skytinga.
Mellom kl 12,00 og 12,30 vert det utdeling av bestemannspremie av årets svineskyting og det vert trekning av deltakerpremien.

mandag, august 10, 2009

LAGSMESTERSKAP I FELT OG JEGERFELTSKYTING

Moldtustranda skyttarlag arrangerar lagsmesterskap i felt og jegerfeltskyting torsdag 13.08.09.
Påmelding på skytebana kl. 18.00 - 19.00.

søndag, juni 21, 2009

Dugnad Laurdag den 20.06.09

Laurdag den 20.06.09 ville vi arrangere dugnad for å få skytebanen endå meir komplett enn den er. Det som skulle utførast var flytting av kontainer, oppsetting av veibom, flytting av skilt, legge not på kulefang, slåing av gras og oppsetting av støttemur bak skivene på 200 meter.
Oppmøte var skrøpelig, men vi fekk utført ein del av det planlagde sjølv om det var mange hissige regnbyer heile dagen.
Vi fekk flytta kontaineren, sette opp veibommen, flytta skiltet og trekt litt not over kulefanget på 100 meter, pluss at Alf-Rune slo gras fram for skivene på 200 meter. Men då hadde vi brukt heile dagen.



Skytebanen har fått en ansiktsløfting

Denne veka før jonsok 2009 har skytebanen gjenomgått ei ansiktsløfting med god hjelp av dyktige maskinkjøyrarar frå Ulstein Betong. Det første som skjedde var feridigstillelse bak skivene på 200 meter. Etter det planerte dei området mellom bakre og fremre kulefang til 100 meter pluss oppbygging og sikring av framre kulefang. Det vart litt planering og tilstelling av diverse haugar og kantar. Bakre fylling av 100 meter der skivene står vart også planert. skråningane rundt skytebanehuset vart også planert og tilstelt.

mandag, juni 08, 2009

Skytingens dag på Løkemyra Skytebane

Søndag den 07.06.09 var det skytingens dag på Løkemyra Skytebane. I år er det andre året vi har eit arrangement av denne typen og vi ville gjenta sukkssen frå i fjord. Også i år kom det mange unge i lag med foreldre som hadde lyst til å prøve seg som skyttar og for å sjå korleis vi har det på skytebanen.
Skyttarlaga har kjøpt inn 4 ekstra små miniatyrbørser som er godt tilpassa dei yngste.
Den som ville kunne få prøve å skyte med kaliber 22 gratis, det vart utdelt 30 skudd pr person. Etterpå fekk kvar deltakar premie og deltakardiplom. Elles hadde vi åpen kiosk, der vi selde pølser, brus og liknande.







onsdag, april 22, 2009

Sandesus på skytebana 18.04.2009.

Laurdag var det stor aktivitet på skytebana med besøk av mange ungdommar som fekk prøve å skyte.
I tillegg var der andre aktivitetar som skyting med pil og boge, fotballspel og der var skyting på leirduebana og der var kjøring på gokart bana.







Som ein ser var det folksomt på standplass der ungdomane fekk skyte under kyndig instruksjon.








Her kan ein sjå at skota gikk midt i blinken.

Kristian får premien
for beste resultat.



søndag, februar 08, 2009

Lørdagsskyting i perfekte forhold lørdag 7 februar










Diskusjonene går ivrig blandt unge og litt eldre.
Forholdene er perfekte og skytingen ligger på et veldig høyt plan.

Her er det snakk om hvor mange innertiere som kan noteres.

















Til alle medlemmar av Moldtustranda skyttarlag.

Vi minner om Årsmøte i skyttarlaget måndag 16.02.2009 kl. 18.00.
Møtet blir på skytebana.
Vel møtt!
styret.

fredag, januar 23, 2009

Nye Linker.

No har vi lagt ut fleire nye og nyttige linker, dette over lag og organisasjoner som kjem i vår kategori.
Der er også lenker til forskjellige våpenforetninger. Nå slepp du å leite rundt på nettet.
Ein ny og litt artig sak er Eurosimulator der du kan skyte både med rifle og pistol. Klikk på linken og prøv.

søndag, januar 11, 2009

Kos på skytebanen

Det er ikke bare konkuranse vi har litt sosialt samvær også.









Det ser ut som jentene liker å skyte selv om de er i mindretall ennå.
En ting er i alle fall sikkert jentene er veldig gode skyttere.





Enda et nytt tilbud på Løkemyra





Endlig er den klar for skyting, hagleskytterne møter fulltallig og det ser ut som de treffer også.