Kalender

tirsdag, desember 15, 2009

Romjulsskyting

Ja no nærmar jula seg med stormskritt, og det gjer også den årvisse romjulsskytinga som vi har på Løkemyra Skytebane. I år vert den avvikla 4. dags-jul (altså den 28.) dette på grunn av at 3. dag er på ein søndag.
I år startar vi opp kl 10,30 pga. det vert så fort mørkt. (ikkje som det står på kalendaren)
Det vert i år som tidligare servert julegløgg, den som vil kan ta med julekaker for å spandere saman med kaffien.
Det viktigaste er dei gode sosiale samtalane som vi har innimellom skytinga.
Mellom kl 12,00 og 12,30 vert det utdeling av bestemannspremie av årets svineskyting og det vert trekning av deltakerpremien.